Utanomverda inn i klasserommet
Biologielevane Eirik Aksdal, Andreas Kristoffersen og Julie Røsok (sjå bilete) fekk høyre temaforedrag om evolusjon, skogbruk/karbondioksidrekneskap og matproduksjon. Kirsti Hjelme Connor, Anders Hovde og John Hauger hos fylkesmannen i Møre og Romsdal tok for seg ein del hovedtrekk og rammefaktorar for eksistens på vår klode, i vårt land og vårt fylke, frå Big Bang til det postindustrielle samfunn. Elevane vart presenterte og fekk diskutere interessante faglege innfallsvinklar med tanke på seg sjølve som aktive beslutningstakarar og naturforvaltarar, berekraftig utvikling, global tanke og lokal handling.
Om ikkje lenge vert det eit tilsvarande besøk for elevar ved skolen. Temaet er da organdonasjon.



