PC-stipend og utlån av lærebøker
Vg1
For deg som er Vg1-elev gjeld ikkje utlånsordninga av lærebøker for skoleåret 2008/2009. Du må kjøpe lærebøkene sjølv, men mange av desse kan du kjøpe brukt av dei elevane som startar på Vg2 til hausten. Hugs at her må du kjøpe bøker som skal nyttast i det utdanningsprogrammet du skal gå på til hausten. Skolen har sendt boklister for Vg1 til bokhandlarane.
Vg2
Frå skoleåret 2008/2009 blir det innført ei utlånsordning av lærebøker på Molde vg skole for Vg2-elevane. Dette gjeld for alle utdanningsprogramma, så du som elev skal ikkje kjøpe nye lærebøker til hausten. Dei lærebøkene du kjøpte som Vg1-elev, må du ikkje selje i dei faga du skal halde fram med til hausten. Dersom du er usikker på kva fag dette gjeld: Sjå boklista som vil bli lagt ut.
Vg3
Frå skoleåret 2008/2009 blir det innført ei utlånsordning av lærebøker på Molde vg skole for Vg3-elevane. Dette gjeld for alle utdanningsprogramma, så du som elev skal ikkje kjøpe nye lærebøker til hausten. I dei faga du skal halde fram med frå Vg2 til Vg3, må du ikkje selje dei lærebøkene du alt har kjøpt. Dersom du er usikker på kva fag dette gjeld: Sjå boklista som vil bli lagt ut.



