Right menu

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    

Kontaktinformasjon:

Molde vg skole Øvre veg 23
6413 Molde
Org.nr: 974576422
E-post til skolen
Telefon: 71250700
Fax: 71250710

/ Forsiden / Nyheter / På studentkonferanse i Bardejov

På studentkonferanse i Bardejov

Elevar frå Molde vgs gjer det skarpt på ulike arenaer, og Ida og Are Myklebust (biletet) er dei siste som har markert seg på ein positiv måte utanfor skolen.

To elevar frå Molde videregående skole brukte haustferien på tur til Slovakia for å delta i International Student Conference Leonard Stöckel – til minne om ein nasjonal reformator og skulegrunnleggar, som også var grunnleggaren til Molde videregående sin samarbeidsskule i Bardejov.

Ida Regine B. Myklebust og Are Kristoffer B. Myklebust hadde gjort heimeleksa si godt til si vellukka framføring om: How Norwegian writers in the baroque period influenced the Norwegian society and also contributed to the liberation of Norway from Denmark. Dette var ein engelsk variant av fordjupingsoppgåva deira i norsk.

Av 26 innlegg ialt var Moldeelevane ei av to grupper som hadde heile innlegget på eit anna språk enn sitt eige morsmål, så dei blei lagt merke til. Det var også tilbakemeldingar frå rektoren og lærarane om at denne framføringa var den beste.....