Knalldag på Hjertøya
Bading, soling og segling. Elevane ved vg1/vg2 medier og kommunikasjon og klasse 1B reiste måndag til Hjertøya for å «tjuvstarte» sommarferien.
Her var det full aktivitet heile dagen, med volleyball, frisbee og fotball. Lærar Martin Due inviterte til segltur på fjorden. I fjøra vart det grilla, og mange tok utfordringa og hoppa i fjorden sjølv om badevatnet nok ikkje var det varmaste. Både elevar og lærarar storkosa seg.
Tekst: Tone Syltebø, foto: Bente Flemsæterhaug
Elevane koste seg med mat og drikke
Det gjorde lærerane og!
Vi har det topp!



